Husfellesskap
Husfellesskap

Husfellesskapsgrupper er små einingar på 8-14 personar som samlast i heimane.

 

Me har fleire husfellesskapsgrupper i Bore. Fordeling på kjønn og alder varierer. 

 

Me samlast om Guds ord, og bøn står sentralt . Mat og sosialt samvær er òg ein viktig del av samlingane. 

 

Dette er for mange eit pusterom i ein travel kvardag der ein får lov til å vera seg sjølv, dele av opplevingar i livet, få støtte i motgang, spreie glede og visa omsorg. 

 

Du er hjarteleg velkomen til å bli med. Ta kontakt med soknepresten vår, Ivan Fjeld ivan.fjeld@klepp-kirken.no dersom du ønskjer eit slikt fellesskap.

 



17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando