Til deg som er nyinnflytta i Bore!
Til deg som er nyinnflytta i Bore!
Velkomen til Bore, og velkomen til Bore kyrkje!

 

Om du er medlem av Den norske kyrkja, så høyrer du nå til i Bore menighet. Det er me veldig glade for! 


Me vil gjerne bli kjent med deg og møta deg som den du er. 


Alle dei nyinnflytta me greier å spora opp får besøk av ein representant frå menigheten som kjem med ei rose for å ønskja dei velkomen. Dei får også ei brosjyre med informasjon om menigheten. Det er ikkje alltid me får vita om dei som er flytta inn, så dersom du ikkje har fått besøk etter ei tid, så ta kontakt med diakon Henny Lie Sandve - tlf. 51789556 eller mail: diakon@klepp-kyrkja.no.


Ellers kan du alltid fylja med på denne heimesida og koma på gudsteneste eller andre arrangement! 

Velkomen til oss!



17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando