6 år: Dåpsskule
6 år: Dåpsskule

Påmelding til Dåpsskulen 2018 her....

 

Bore kyrkjelyd har ein eigen skule - bare for 1. klassingar!

Me kallar den for Dåpsskulen!

Me startar årets Dåpsskule i Bore kyrkje, tysdag 23. januar 2018.

Dei fire samlingane med Dåpsskulen er i SFO-tid på tysdagar (12.00-14.30) og vert avslutta med bokutdeling på familiegudsteneste søndag 25. februar. 

Me starter tysdagssamlingane ca kl 12.30, når alle har kome seg fram. Så held me på til kl 14.00. Då avsluttar me.

Dei som går på Bore skule, blir henta når skulen sluttar. Me går i lag ned til kyrkjestova. Barna blir og følgt tilbake til skulen kl. 14.00. Dei som går på SFO, fortset dagen der, og dei som skal gå heim, går vidare heim frå skulen. De vil få detaljert informasjon om dette når det nærmar seg oppstart.

For dei som går på Vasshus, så håper me at det er nokre foreldre som kan hjelpe til med køyring av barna. 

Det vert servert boller og saft på kvar samling. Det smakar aller best med heimelaga boller ;-) Det vert og m.a. forteljarstund på "den hemmelege staden" vår kvar gong, det vert leik, og hobbyaktivitet. 

Me treng litt praktisk hjelp kvar gong. Til dømes: hjelpe barna med kleda når dei kjem, lage saft, hjelpe barna med praktiske oppgåver, hjelpe til å halde ro og orden. Me håper det er nokre foreldre/besteforeldre som har tid på ein tysdag ettermiddag og kan hjelpe til. :) 

Påmeldingsfristen for 2018 er søndag 14. januar!!

Her er link til påmelding

Ta gjerne kontakt med Solfrid trusopplærar om de har spørsmål: solfrid.skalvik@klepp-kirken.no



17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando