Velkommen til dåp
Velkommen til dåp

Her er det informasjon om dåp og innmelding til dåp i Den norske kyrkje 

 

Vi inviterar til dåp i Den norske kyrkje fordi Jesus har sagt:”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda, gå difor ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” ( Matt. 28,18-20)

 

Kva er dåp?
I dåpen skjer eit under: Vi vert Guds barn! Presten teiknar barnet med krossmerket til vitnemål om at det skal tilhøyre den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus og tru på han. Det er Gud som handlar i dåpen. I det presten auser vatn over hovudet 3 gonger, seier han: ”Eg døyper deg i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.” I Bibelen vert dåpen samanlikna med ein ny fødsel. Det nye livet startar i dåpen. Barnet vert medlem av den kristne kyrkja.

 

Fadrar
Foreldra vert ikkje sjølv oppført som fadrar, men vel 2-6 fadrar som er minst 15 år eller går til konfirmantundervisning. Fadrane må vera personar som er døypte og som ikkje forkastar den kristne tru. Fadrane si oppgåve er å vere vitne om at barnet er døypt. Dei skal be for barnet og lære det sjølv å be og hjelpe til at barnet vert verande hjå Kristus når det veks opp. 

 

 

Me har nå innmelding til dåp på nett:                     Vel helst den kyrkja du høyrer til og finn ledig gudsteneste.  
 

For å starte registreringa treng du personnr. til barnet (eller du kan bruka ditt eige om du ikkje har fått barnet sitt).
Etter eit par dagar vil du motta stadfesting på e-post.
Har du ikkje all informasjon klar nå kan henta opp igjen registreringa og fullføre på eit seinare tidspunkt.
På fadrane treng du kun fylla ut namnet.

Gå til "Forespørsel om dåp"



17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando