Kraftfôr
Kraftfôr

 Kraftfôr er Bore kyrkjelyd sitt namn på trusopplæringsarbeidet. 

 


 

Heilt fram til slutten av 1900-talet har kyrkja hatt skulen som ein viktig arena for undervisning av dei døypte. Nå er kristendomsfaget på skulen blitt til Kristendoms-, religions–, livssyns og etikkundervisning (KRLE). Den norske kyrkja har nå, saman med familien, sjølv ansvar for å lære opp medlemmane sine. Trusopplæringsplanen er ein plan for korleis kyrkja vil gjere dette. Kvar kyrkjelyd har laga sin eigen plan for undervisninga. I Bore kyrkjelyd kallar me denne planen for "Kraftfôr". 

Alle arrangementa, eller tiltaka i planen, er systematiserte, og beskrivne med antall timar, arbeidsmåtar, tema og innhald.  Dei som kjem på tiltaka får ofte med seg noko materiell, t.d cd eller bok, som kan nyttast i trusopplæringa heime. 
I Bore kyrkjelyd tilbyd me foreløpig desse tiltaka:

0 år Dåpssamling og dåp

0 år Babysong
1 år Spagettimiddag
2 år 2-årsfest
3 år Søndagsskulebesøk
4 år 4-årsbok

5 år Pinsebursdag
6 år Dåpsskule
8 år Tårnagenthelg

9 år Leksehjelp

10 år Tweens-lørdag

11 år LysVaken

12 år Mission Possible (leir)

13 år Newbie
14 år Konfirmasjon

15 år Konfreunion
15 år Klekk
16 år Uanz

 

Alle døypte i målgruppa, som bur i Bore sokn, får invitasjon til Kraftfôr-arrangementa i posten! 

Dersom ditt barn ikkje er medlem i Den norske Kyrkje, kan han/ho likevel få delta. Ta kontakt med kyrkjekontoret, så sender me ut invitasjon når det skjer noko for ditt barn.

VELKOMEN!

Vil du lese meir om trusopplæringsplanen i Bore kyrkje? Trykk her for heile planen 



17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando