Gravferd
Gravferd
Gravferd – avskil med livet 

 

Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie. 


Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Saman med det å eventuelt sjå den døde, kan samtalen med presten og gravferda gje sørgetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning som i si tid og på ein individuell måte omdannar sorga til ein ressurs i livet til den enkelte. Minneord, skriftlesing og bøner gjer dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.

Planlegginga
I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar. Det vanlege er at representant  frå det gravferdsbyrået ein har teke kontakt med, kjem heim til dei pårørandes fyrst, så kjem presten som skal ha gravferda, til samtale   litt seinare. For meir informasjon, sjå www.kirken.no under gravferd.


17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando