Logg inn       20. mai 2012      Søk  


Månedens frivillige
Minimer

 Namn: Trond Hodne
Alder: 68 år
Yrke: Sjukepleiar

Tre stikkord om deg sjølv: Eg er roleg, innadvendt og anonym.

Kva er di oppgåve i menigheten? Eg er nattverdmedhjelpar på gudstenestane , og eg er med i nabobønn. Eg er med som medhjelpar under nattverden fordi eg vart spurt om det. Nabobønn har med nestekjærleik og omsorg å gjere.

Har du noko anna som du og interesserer deg for? (Hobbyar/ lidenskapar) Eg er interessert i hage, plantar og blomster. Eg er glad i matlaging og baking, og friluftsliv som sykling og fotturar.

Kva gjer deg glad? Eg vert glad av å høyre korsong, salmesang, klassisk musikk og opplesing av dikt.

Har du nokre uvanar som du ynskjer å bli kvitt? Eg ynskjer å verta flinkare til å lytta når folk snakkar, og  raskare til å bestemma meg og ta avgjersler.

Kvifor trivst du i Bore menighet ? (for det reknar me med at du gjer:-)  Eg trivst fyrst og fremst på det åndelege plan. Eg får ta del i den glade bodskap, om nåden i Jesus Kristus, høyra flott salmesong og skriftlesing. Eg får høyre gode preiker, og læra Bibelen betre å kjenne. Eg får kjenna Guds vilje med livet mitt.

 

    Hjem Kyrkjelege handlingar Arrangement Omsorg og fellesskap Barn Unge Info om oss
Powered by LabOra - Agrando AS    Uttalelse om privatliv   
Downloaded from DNNSkins.com