Gudstjenester i Bore kyrkje

Bore kyrkjelyd har tre forskjellige typar gudstenester. Gudstenesta har forskjellig preg og ein fast rytme.

      

 

 

 

G2

G2 betyr gudstenester nr 2. Det betyr at det er ei annleis gudsteneste som er meir moderne i forma enn høgmessa. Ein brukar ikkje orgel, men eit husorkester  og  forsongarar.  Songane er meir moderne i forma, og ein brukar projektor og lerret. Ein har oftast eit tema, og liturgien er friare. Det er sundagsskule under gudstenesta.

Familiegudsteneste

Familiegudsteneste  er ei gudsteneste for alle aldrar, men forma med songar og formidling er slik at ho passar godt til barn. Det er derfor ikkje sundagsskule
under denne gudstenesta. Det er oftast dåp. Til den store ”kyrkjelydfamilien”  høyrer sjølvsagt også einslege vaksne.  Ei gudsteneste med mykje liv!

Høgmesse

Høgmesse – ofte bare kalla  gudsteneste – er ei tradisjonell, høgtideleg  gudsteneste med bruk av orgel og salmar frå salmeboka. Preika er vanlegvis over
sundagens tekst, og det er oftast nattverd. Under denne gudstenesta er det sundagsskule frå ca kl 11.15.

17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando