Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Me treng ny organist


Lyst til å skapa lyd i desse pipene?

Bore kyrkjelyd har ledig deltidsstilling på inntil 35% som kantor/organist/kyrkjemusikar.

Bore sokn har totalt 80 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar. Stillinga vert i dag delt på to personar der organist i 35% stilling har hatt ei arbeidshelg pr månad med gudsteneste og eventuelle vigslar, samt 1,5 dag i veka med gravferder. Resten av tida vert disponert i samarbeid med stab og sokneråd. Arbeidsoppgåvene vil verta delt på dei to organistane utifrå interesser og praktisk gjennomførbarhet.

 

 

Me har forskjellige typar gudstenester med varierte musikalske uttrykk. Det er vanlege gudstenester, familiegudstenester og G2. G2 er ei gudsteneste med meir moderne form og uttrykk, både musikalsk og på anna vis. Kantor/organist må kunna ta aktivt del i alle typar gudstenester. Personleg eigenskap og fleksibilitet samt evne og vilje til å arbeida i team er svært viktig og vil bli vektlagt. Mange frivillige er med og bidreg i eit spanande gudstenestefellesskap. Det er viktig å kunne samarbeida med frivillige i alle aldersgrupper. Kantor/organist samarbeider med kantor i Klepp om vigslar og gravferder i heile fellesrådsområde.

Bore kyrkje har eit Grönlund orgel med 14 stemmer. Ein orgelbygger har gjennomført omfattande service/rehabilitering av orgelet i år

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje og gjennomføre gudstenester, viglsar og eventuelt gravferder og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab.
  • Koordinera og leia deler av kyrkjelyden si musikalske verksemd, herunder kor, forsongarar og frivillige musikarar
  • Engasjera og fylgja opp frivillige medarbeidarar i gudstenesta
  • Bidra til kyrkjelydsutvikling i samarbeid med stab, sokneråd og andre aktørar.

 

Andre arbeidsoppgåver kan vera:

  • Oppgåver knytt til konfirmantarbeid og trusopplæring.
  • Ansvar for tilsyn og vedlikehold av kyrkja sine instrument

 

Kvalifikasjonar:

  • Allsidig orgel- og pianoferdigheitar
  • Kunne meistra ulike musikalske uttrykksformer
  • Erfaring frå kyrkjelydsarbeid og med å jobba i stab
  • Kunne kommunisera godt på norsk, skriftleg og munnleg
  • Lojalitet til kyrkjas grunnverdiar og visjon
  • Det vil bli vektlagt om ein er personleg eigna for stillinga
  • Kyrkjemusikalsk utdanning vil vera ein fordel

 

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirera, kommunisera og samarbeida godt med frivillige og stab
  • Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
  • Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid

 

Vi tilbyr:

  • Spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Anna:

  • Må vera medlem av Den norske kyrkja
  • Må disponera bil.
  • Den som vert tilbudd stillinga, må leggja fram godkjent politiattest før tilsetjing

 

Sjå fullstendig utlysingstekst og søk stillinga på ww.kirkejobb.no

           

Søknadsfrist: 13.oktober

Oppstart: 1.desember, eller etter avtale

Kontaktinfo:

Hilde Kalvatn Eikeland                                                                            Dagleg leiar i Bore Sokn                                                                                48 03 60 29

Inger Kari Søyland                                                                                          Kyrkjeverje                                                                                                      40 40 60 14

 

 

Tilbake