Vegen vidare for Bore kyrkjelyd


24. oktober kl. 20 i kyrkja.

ALLE er velkomne til samtalekveld!

 

Du er med dette invitert til ein open samtalekveld om «Vegen vidare for Bore menighet», søndag 24.oktober kl.20:00. Menigheten ønskjer at ALLE skal få høve til å dela sine draumar for framtida.

 

Soknerådet har førebudd eit dokument som ein introduksjon til samtalen. Staben stiller seg også bak dette.

Her: Les gjennom før du kjem.

 

I menigheten vår er det plass for alle, og vi heier på alle gode initiativ og idear.

Vi ønskjer at alle skal kjenne seg som «deltakarar», ikkje som «tilskodarar», og at alle bidreg med sine gudgitte gåver og utrustning.

 

Eit av forslaga frå soknerådet er at vi meir og meir reindyrkar dei gode sidene ved alle dei ulike gudstenesteformene vi har, og at flest mogleg deltek i utforminga og gjennomføringa av gudstenestene. Gudstenestene er MENIGHETENS Jesusfeiring – ikkje ei soloframføring av prest, organist eller nokon få andre. Kva er viktig for DEG, og korleis kan DU vere med å bidra?

 

Det vil bli servert kaffi/te med noko attåt før, under og etter møtet. 

Tilbake