Stilling ledig - Ungdomsarbeidar 5 - 15%


Brenn du for kristent ungdomsarbeid? Då kan dette vere noko for deg! Me søker etter ungdomsarbeidar i 5 - 15% prosjektstilling for skuleåret 24/25.

 

Klepp kyrkjelege fellesråd søkjer ungdomsarbeidar til Bore menighet, 5 - 15% prosjektstilling for skuleåret 24/25.

Bore menighet vil gjerne bygge opp fleire ungdomsleiarar og skape eit godt fellesskap der unge leiarar kan vekse i eit godt miljø. Me har mange konfirmantar kvart år, og er opptekne av å gje dei gode opplevingar og fortelje om Jesus.

Ungdomsarbeidaren vil arbeida saman med menighetspedagogar og resten av staben i menigheten.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene i stillinga er i hovudsak knytt til aldersgruppa 13 - 18 år. Oppgåvene vert tilpassa stillingsstorleik.

 

  • Rekruttere, fylgje opp og inspirera frivillige ungdomsleiarar.
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar for ungdom.
  • Vere med i konfirmantarbeidet inkl. weekend til Evje, saman med ungdomsleiarane
  • Arbeidstida er knytt til kveldar og helger, og  passar godt å kombinere med skule.

 

Kvalifikasjonar
-  Det er ønskeleg med erfaring frå menighet eller kristne organisasjonar.
-  Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

-  Kjennskap til kristent ungdomsarbeid.
-  Kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og munnleg

 

 

Personlege eigenskapar
•    Kunne ta initiativ og ha evne til å gjennomføra prosjekt
•    Vera fleksibel, strukturert og ryddig
•    Ha evne til å kommunisere og bygge relasjonar med andre ungdommar
•    Det vil bli vektlagt om søkaren er personleg eigna til stillinga

 

Me kan tilby:
•    Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
•    Lønn etter gjeldande tariff, som menighetsarbeidar.
•    Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Anna
- Den som får tilbod som stillinga må legga fram godkjend politiattest før tilsetting. 

- Oppstart medio august.

 

Søknadsfrist: fortløpende

 

Har du spørsmål om stillinga kan du kontakta dagleg leiar i Bore menighet; Hilde Eikeland , tlf 480 36 029 / hilde.eikeland@klepp-kirken.no

 

Søknad og CV sendes; hilde.eikeland@klepp-kirken.no

 

Tilbake