Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Stilling ledig - Kyrkjetenar i 10%


Kyrkjetenar,

  • ein stilling du kan kombinera med skule eller anna arbeid,

eller kanskje noko for deg som er pensjonist?

 

Bore kyrkje

Vi har ledig 10 % stilling som kyrkjetenar i Bore kyrkjelyd.

Hovudoppgåve for kyrkjetenar er tilrettelegging for gudstenester og kyrkjelege handlingar, med ulike praktiske gjeremål. Arbeidet er i all hovudsak knytt opp mot gudstenester på sundagar og i høgtider. I tillegg vil det vera nokre laurdagar i forbindelse med konfirmasjon, dåp eller vigslar.  Det er normalt arbeid 3 helger pr månad.

 

Ingen spesifikke krav til kompetanse.

Interesse for, og kjennskap til kyrkja sitt arbeid vil vera ein fordel.  

Du må vera til å stola på og kunne arbeida sjølvstendig.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi krev godkjent politiattest før tilsetjing.

Må vere medlem i Den norske kyrkja.              

Løn etter gjeldande tariff.

 

Start: August 2024

Søknadsfrist: 22.mai 2024

Søknad skal sendast: kirkeverge@klepp-kirken.no

For meir informasjon om stillinga og konkrete arbeidsoppgåver;

Hilde Kalvatn Eikeland, dagleg leiar Bore kyrkjelyd, 48 03 60 29

Tilbake