Semesterstart måndag 31. august 2026
Oppstartsdato for barnekoret i haust er måndag 31. august 2026. Hjarteleg velkommen til gamle og nye medlemmar!
Koret passar for born frå 4 år og oppover.
og øvingane er måndagar i partallsveker kl. 17.15 - 18.00.
(Registrering frå kl. 17.00).
I tillegg til å synge, leiker me litt og høyrer bibelhistoriar. Me speler óg på rytmeinstrument, og kler oss ut med kostymar av og til :-)
Det er inga påmelding, berre å møte opp! Det er heilt greit å berre sjå på litt eller prøve eit par gonger, før ein bestemmer seg for å byrje i koret.
Barnekoret er innmeld i Søndagsskolen Norge og gjennom dei får me økonomisk stønad (frifondmidlar) for betalande medlemmar. Medlemmane i koret er difor óg medlemmar i Søndagsskolen Norge.
Det kostar 100 kr i medlemsavgift per år. Ingen krav om dugnad, men det kan hende me spør om litt praktisk hjelp enkelte gonger.
Kom og bli med! Dette er kjekt:)
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med organist Elin Underhaug Kanu på tlf. 909 45 278 eller e-post: ek358@kirken.no.