2 år: 2-årsfest


Velkommen til 2-årsfest!

 

Det året barnet fyller 2 år lager me til fest i kyrkja! Då pynter me med mange ballongar, og koser oss med boller, saft og gele.

 

Det vert ei lita songsamling med enkle songar og litt forteljing i starten. Etter maten vert det god tid til å leike. Barna får ei bok om Noas ark før dei går heim.



NB   For at me skal vite kor mykje mat me treng, har me påmelding. 

 

Lurer du på noko? 
Ta kontakt på mail: solfrid.skalvik@klepp-kirken.no eller tlf 93495349.


 

 

Tilbake