1. klasseklubb i mars - påmeldinga er nå open
I mars 2025 er alle 1.klassingar ved Bore skule inviterte til 1. klasseklubb :-)
Påmelding 1. klasseklubb - mars 2025
Påmeldingsfrist 5. mars
1. klasseklubb (tidlegare "Dåpsskule") for 1. klassingar består av tre samlingar i SFO-tid på tysdagar (kl. 11.45-13.45), og ei avsluttande familiegudsteneste påfølgande søndag, med utdeling av bok til alle deltakarar.
Datoar 2025:
11. mars
18. mars
25. mars
30. mars - familiegudsteneste
Barna blir henta utanfor skulen rett etter skuleslutt. Vi går samla bort til kjellaren på bedehuset (rett ved skulen). Det vert servert pølse i brød og saft på kvar samling. Det vert og m.a. forteljarstund, leik og hobbyaktivitet.
Vi treng litt praktisk hjelp kvar gong. Til dømes: Hjelpe barna med kleda når dei kjem, servere saft og pølser, hjelpe barna med praktiske oppgåver, hjelpe til å halde ro og orden. Vi håpar det er nokre foreldre/besteforeldre som har tid på ein tysdag ettermiddag og kan hjelpe til :)
Ta gjerne kontakt med menighetspedagog Anette Dagfinrud Thorset om de har spørsmål:
anette.thorset@klepp-kirken.no Mob 919 21 631