Her kan du lese vekas Info-mail.

Kjære alle saman i Bore menighet
Denne søndagen er det ikkje gudsteneste i Bore kyrkje. Men me har mykje anna kjekt å vere med på!
Kva skjer den neste veka:
Bønesamling i kyrkja søndagar kl.20:00 –vi bed for menighet og bygd.
Barnekoret: mandag 19.januar. For barn frå ca. 4 - 10 år (t.o.m 4.klasse). Øvingane er mandagar i partallsveker kl.17:15-18:00 i kyrkja. For skulebarna i koret er det og samling, leik og kveldsmat i kyrkjestova kl. 18:00-18:30. Velkommen til nye og gamle
Strikkekveld; Velkommen til strikkekveld for damer i kyrkjestova tirsdag 20.jan, 17.feb og 17.mars kl.19.30. Ta gjerne med handarbeid og kveldsmat. Håpar å sjå deg!
Turgruppa har plass til fleire i alle aldrar! Møt opp på parkeringsplassen ved Bore kyrkje onsdagar kl.10:30. Ta med mat og drikke. Ca kl.12:00 samlast vi til lunsj i kyrkjestova.
Babysang torsdag kl.10:30 i kyrkjestova. For alle barn frå 0 – ca. 12 månadar. Songsamling og god tid til å prate, leike og ete medbrakt matpakke. Påmelding via heimesida.
Familiegudsteneste 25.januar med mellom anna besøk av ungane frå «Etter skuletid» (Undervisningstiltak for 4.klasse)
Nådepuls; Søndag 25.januar kl 19.30 i Bore kyrkje. Lovsang og åndeleg fellesskap. Velkommen!
Andre arrangement fremover:
Bore Legoklubb; For barn frå 5 år og oppover (med følge), men òg for større barn/ungdom. Me bygger lego saman og høyrer ei kort andakt. Tysdagar i oddetallsveker kl.17–18.30 i kyrkjestova.
Damer leser bibelen; bli med å lese systematisk gjennom bibelen saman med andre damer. Det vert pause med te og kaffi. Damer i alle aldrar er velkomne! Ta gjerne med din eigen bibel. Neste samling er mandag 26.januar.
Det Profetiske i Bore har samling første mandag i månaden kl.20.00 i kyrkjestova.
Har du gått glipp av nokre av søndagsgudstenestene?
Nå kan du no høyre preika/undervisningen fra G1/G2 på podcast. Du finn Bore kyrkje sine podcastar på Spotify: https://open.spotify.com/show/1uxdN17bLdrS1l915HZp1i?si=b763a4b5e981469c
Fast gjevarteneste?
Du kan no opprette fast gjevarteneste til prosjektet; «Ny kyrkjestove». Du kan og bli fast gjevar til menighetsarbeidet. For meir informasjon om gjervarteneste og kva me nyttar midla til, sjå heimesida:
https://borekyrkje.no/Kontakt/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/28055/Gjevarteneste
Kalender
Dei fleste arrangementa våre ligg i kalenderen på heimesida – så sjekk ut den om du lurer på noko😊 eller besøk facebooksida vår; http://Facebook.com/BoreMenighet/