Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Info-mail


Her kan du lese vekas Info-mail. Me har problem med utsending av mail til dei med gmail konto, og legg difor ut innhaldet her.

bokstaven i for informasjon

 

Kjære alle saman i Bore menighet

 

Velkommen til gudsteneste med dåp på søndag. Kjekt at fire born skal døypast! Det vil vere søndagsskule og tweensgruppe. Vi er komne til 2.søndag i fastetida, ei tid for refleksjon og ettertanke, og preiketeksten denne gongen er henta frå Luk 13,22-30. Her spør nokon Jesus: «Herre, er det få som blir frelste?». Jesus svarar ikkje på spørsmålet, men gjev heller ei direkte utfordring: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra!». Jesus sjølv er «Vegen, Sanninga og Livet».

Kl.20:00 på søndag er det Nådepuls. Kom å bli med på ein kveld der vi setter Gud i sentrum. Ein kveld med lovsong, tid med Gud og høve til å få dela det Gud legger på hjarta ditt.

Info om det som skjer i kyrkja:

- Salmar gjennom fastetida. Salmekveld med fastetida som tema, søndag 23.mars kl.18:00 i kyrkja. Med-songarane leier oss i song, og Ola Ohm er organist. Gratis entre!

Anna info:

- Seniorfest tysdag 18.mars kl.18:00-20:30 på Kleppe bedehus. besøk av Olaug Bollestad som skal snakke om «Et samfunn med eldre». Song av Guro Grude og andakt ved Gunther Theiss. Fri entré.

Ønskjer dykk ei velsigna helg!

Ønskjer du å gje ditt bidrag til kyrkjelydens mange flotte aktivitetar, kan du nytta:

Kontonummer: 3290.07.73624

Vipps: 109206 eller «Bore sokn»

 

 

 

 

 

 

 

Tilbake