Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Info frå menigheten


Her kan du lese vekas Info-mail

bokstaven i for informasjon

Kjære alle saman!

 

Denne søndagen er det ikkje gudsteneste i Bore kyrkje.

 

Neste søndag, 14.12, er det “Me syng jula inn” kl 11.00. Bore skulekorps, Bore barnekor og små og store forsongare er med. Me syng kjente og kjære julesongar saman. Kyrkjekaffi etterpå.

 

 

 

Gudstenester i jula:

 

24.12 kl 14.00; Gudsteneste som passar godt for ungar. Minilovsongarane er med saman med gitarist og Ola Ohm på tangentar. Ivan er prest. Hjarteleg velkommen til heile familien!

 

24.12 kl 15.30; Gudsteneste med flott song og julemusikk. Ola Ohm er organist, og Ivan er prest. Hjarteleg velkommen!

 

25.12 kl 12.00; Høgtidsgudsteneste. Reidar Kydland på kornett, Ola Ohm er organist og Ivan prest.

 

Anna info: 

Etter nyttår startar vi opp nytt Alpha-kurs! Oppstartsmiddag 7.januar kl.19:30 på Voll Ysteri, med første ordinære undervisningskveld 14.januar 19:30 i kyrkja. Vi oppmodar alle i menigheten til å melde seg på for eit høve til ei nyttig oppfriskning av kva vi trur på, og eit spennande samtalefellesskap (sjå heimesida for meir info).

Bore Legoklubb; For barn frå 5 år og oppover (med følge), men òg for større barn/ungdom. Me bygger lego saman og høyrer ei kort andakt. Tysdagar i oddetallsveker kl.17–18.30 i kyrkjestova.

Damer leser bibelen; bli med å lese systematisk gjennom bibelen saman med andre damer. Det vert pause med te og kaffi. Damer i alle aldrar er velkomne! Ta gjerne med din eigen bibel. Neste samling er 08.12.

Bønesamling i kyrkja søndagar kl.20:00 –vi bed for menighet og bygd.

Det Profetiske i Bore har samling første måndag i månaden kl.20.00 i kyrkjestova.

Barnekoret: For barn frå ca. 4 - 10 år (t.o.m 4.klasse). Øvingane er måndagar i partallsveker kl.17:15-18:00. For skulebarna i koret er det og samling, leik og kveldsmat i kyrkjestova kl. 18:00-18:30.

Turgruppa har plass til fleire i allealdrar! Møt opp på parkeringsplassen ved Bore kyrkje onsdagar kl.10:30. Ta medmat og drikke. Ca kl.12:00 samlast vi til mat og drøs i kyrkjestova, ev. ute omvêret er bra. Lurer du på noko, ta kontakt med Karen Høie på  tlf. 950 18 334.

Fast gjevarteneste?

Du kan no opprette fast gjevarteneste til prosjektet; «Ny kyrkjestove».

Du kan og bli fast gjevar til menighetsarbeidet. For meir informasjon om gjervarteneste og kva me nyttar midla til, sjå heimesida:

https://borekyrkje.no/Kontakt/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/28055/Gjevarteneste

 

Har du gått glipp av nokre av søndagsgudstenestene?

Nå kan du no høyre preika/undervisningen fra G1/G2 på podcast. Du finn Borekyrkje sine podcastar på Spotify: https://open.spotify.com/show/1uxdN17bLdrS1l915HZp1i?si=b763a4b5e981469c

 

Vennleg helsing,

Bore menighet

Tilbake