Klepp kyrkjelege fellesråd søker etter menighetspedagog i 70% fast stilling i Bore menighet. Er du rett person for oss? Søknadsfrist 1.des
Bore kyrkjelyd har ca 3 200 medlemmar og vert rekna som ein «tregenerasjonars-kyrkjelyd» Det er mange ungar og familiar og trusopplæringsarbeidet er prioritert.
Det vert drive mykje godt frivillig arbeid. Stillinga går inn i ein stabsfellesskap som pr. i dag består av sokneprest, menighetspedagog ungdom, organist, sekretær og dagleg leiar. Diakon er felles for alle kyrkjelydane i fellesrådet. Staben har kontor i Kleppekrossen, saman med Klepp og Orre menighet.
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet med å planleggje og gjennomføre trusopplæringstiltak frå 0-12 år saman med frivillige og tilsette.
- Rekruttera, fylgja opp og inspirera frivillige.
- Ansvar for å vidareutvikle barne- og familiearbeidet i kyrkjelyden.
- Arbeide i samsvar med vedtak som er fatta i sokneråd og strategiplan.
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning.
- Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid.
- Kunne kommunisera godt på norsk, skriftleg og munnleg
- Medlem av Den norske kyrkja.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, og samarbeide godt med frivillige og stab.
- God kommunikasjons- og formidlingsevne i møte med barn og unge.
- Engasjert, initiativrik, fleksibel, strukturert og heilskapstenkjande.
- Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna til stillinga.
- Kjenne seg att i menigheten sin visjon; Sett, famna, utfordra.
Me kan tilby:
- Spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP.
- Samarbeid med stab for kyrkjelydane i Klepp kyrkjelege fellesråd.
Anna:
- Søkjar må disponera bil.
- Den som vert tilsett må rekna med ei arbeidshelg i månaden, og ein del arbeid på ettermiddag og kveldstid.
- Den som får tilbod om stillinga må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.
Tiltreding: Etter avtale
Lurer du på noko?: Kontakt dagleg leiar Hilde K. Eikeland; 480 36 029 eller kyrkjeverje Arvid Kaspersen; 401 57 641
Søknadsfrist: 01.12.24
Søknad og cv sendast; hilde.eikeland@klepp-kirken.no