Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Ledig stilling som kateket/menighetspedagog (50%)


Har du lyst til å arbeide med ungdom, og synest at konfirmantarbeid er kjekt? Då er dette jobben for deg!

3 konfirmanter

Klepp kyrkjelege fellesråd søker etter kateket/ menighetspedagog i 50 % fast stilling med arbeidsstad Bore menighet.

Visjonen til Bore menighet er sett, famna og utfordra. I alt me gjer ønsker me at dette skal skine gjennom. Me vil at Bore menighet skal vere ein god stad å vera og vekse, og me arbeidar for å realisera visjonen gjennom dei ulike tiltaka i menigheten.

Stillinga går inn i ein stabsfellesskap som består av sokneprest, menighetspedagogar, organist, sekretær og dagleg leiar. Diakon er felles for alle kyrkjelydane i fellesrådet. Staben har kontor i Kleppekrossen, saman med Klepp og Orre menighet.

Arbeidsoppgåver

Som kateket/menighetspedagog får du ansvaret for kyrkja sitt arbeid knytt til aldersgruppa 13-18 år, med hovudfokus på konfirmantar.

  • Leia, administrera og gjennomføra konfirmantarbeidet inkl. konfirmatleir.
  • Utvikle og drive ungdomsarbeid og leiartrening
  • Drive og gjennomføre menigheten sitt undervisningsarbeid (trusopplæring) for ungdom.
  • Rekruttere, følgje opp og dyktiggjere frivillige.
  • Informasjons - og profileringsarbeid for ungdomsarbeid
  • Samarbeid med skuler og andre kommunale einingar
  • Vere med på enkelte tiltak for yngre aldersgrupper i samarbeid med menighetspedagog.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkje
  • Søkarar som har utdanning innafor pedagogikk, teologi eller livssynsfag kan verta vurdert. Det kan verta lagt til rette for at ein kan ta kateketutdanning
  • Har erfaring med arbeid blant barn og unge, og eit sterkt engasjement for denne målgruppa
  • Gode evner til formidling, kommunikasjon, relasjonsbygging og planlegging/administrasjon av arbeidet
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillige og stab
  • Gode samarbeidsevner
  • Flink til å skape relasjonar til folk og liker deg godt “ute i feltet”
  • Engasjert, initiativrik, fleksibel, strukturert og heilskapstenkjande.
  • Kjenne seg att i menigheten sin visjon; Sett, famna, utfordra.
  • Det vert lagt stor vekt på personleg dugleik til stillinga.

Me tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og stabsfellesskap.
  • Lønn og godtgjersle etter kvalifikasjonar og satsar for kyrkjeleg sektor ihht KAs tariff.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moglegheit for å prege stillinga etter eigne interesser og ferdigheiter.

Anna:

  • Søkjer må disponera bil.
  • Mykje av arbeidstida er knytt til ettermiddagar, kveldar og i helger.
  • Lokal kjennskap til kommune og kyrkjelyd vil vera eit fortrinn
  • Søkjar må være medlem i Den norske kyrkje
  • Prøvetid på seks månader
  • Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tilsetting, jfr. Trossamfunnslovens § 20
  • Tiltredelse: etter avtale

For mer informasjon om stllingen kontakt; Daglig leder Hilde Eikeland, 480 36 029 / hilde.eikeland@klepp-kirken.no

Praktisk info:

 Søknadsfrist: 06.04.2025 

 Arbeidsgivar: Klepp kyrkjelege fellesråd

Arbeidsstad: Bore menighet 

Tilsetjingsform: Fast deltidsstilling, 50%

Søk via nav.no eller Webcruiter: https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4942099792?language=nn&showExpired=False

 

Tilbake