Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


80 år med fridom og fred.


8. mai er det 80 år sidan vår nasjon vart fri etter 5 år med krig, og søndag 4.mai vart dette markert i Bore kyrkje.

prest, initiativtakar og ordførar på kyrkjegarden

Mange gjorde ein stor innsats for at Noreg atter skulle bli eit fritt land. Ikkje alle fekk oppleva frigjeringsdagen. 12 unge menn måtte rømma frå okkupantane og var på veg frå Haugesund til England då dei forliste 21.mars 1941 ved Feistein fyr. Skøyta  M/S Kristine gjekk ned i uveret. Eit minnesmerke over dei tapre 12 er reist på gravplassen ved Bore kyrkje.

4. mai, etter gudstenesta,  var det ei markering der ordførar i Klepp, Kjetil Maudal, heldt tale og la ned ein flott krans.  Prest Åsmund Steinnes og initiativtakar, Torleif Hodne, orienterte dei frammøtte og leia ei fin og verdig markering. Alle frammøtte deltok til slutt ved synging av fedrelandssalma.

 

Tilbake