Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Inspirasjonsdag for Bore menighet 20.sept


Velkommen til ein kjekk dag for alle i Bore menighet! Me startar kl 16.00 med familiemøte, aktivitetar og misjonsløp. Alle tar med litt mat til felles spleisemåltid ca kl 18.00. Møte kl 20.00

Det blir ein kjekk dag for både små og store, med møte, aktivitetar og mat. Fokuset vil vere på vårt nye misjonsprosjekt, og Ungdom i Oppdrag bidreg heile dagen.

Program: 
16.00 Familiemøte 
16.45 Aktivitetar; lykkehjul, ansiktsmaling, IQ-oppgåver mm
17.30 Misjonsløp 
18.00 Måltid; Spleiselag! Alle tek med mat til felles bord. 

20.00 Møte med UiO

Misjonsløp; Skaff deg sponsorar og spring (eller gå) så mange rundar du kan. Du kan springe/gå i 15 eller 30 min. Ein runde er 250 meter. Vil du utfordre deg meir kan du velge ein runde på 1 km. Du kan få sponsing pr runde eller eit fast beløp. T.d 10 kr per runde, eller 100 kr uansett antall rundar. Pengane går til misjonsprosjektet vårt.

Spleiselag; Her kan du ta med det du vil ; påsmurt, pastasalat, frukt - kort sagt det du vil dele med andre. Så et me ilag og får kanskje prøve noko nytt :)

Trykk "Skal" på Facebook arrangemnetet vårt, slik at me veit litt om kor mange som kjem!

Søndag 21.sept feirer me gudsteneste i lag, og får besøk av koret Korall. 

Velkommen til ei kjekk helg i Bore menighet!

Tilbake