Husfellesskapsgrupper er små einingar på 6 -12/14 personar som samlast i heimane.
Me har fleire husfellesskapsgrupper i Bore. Fordeling på kjønn og alder varierer.
Me samlast om Guds ord, og bøn står sentralt . Mat og sosialt samvær er òg ein viktig del av samlingane.
Dette er for mange eit pusterom i ein travel kvardag der ein får lov til å vera seg sjølv, dele av opplevingar i livet, få støtte i motgang, spreie glede og visa omsorg.
Du er hjarteleg velkomen til å bli med. Ta kontakt med soknepresten vår, Ivan Fjeld ivan.fjeld@klepp-kirken.no dersom du ønskjer eit slikt fellesskap.