Dåp
Velkommen til dåp i Bore kyrkje!
Det er inga aldersgrense for dåp, alle er velkomne til dåp kva tid som helst i livet! Det mest vanlege hos oss er likevel at barn vert døypte i løpet av det første året. Den fine kyrkja vår gir ei flott ramme rundt dåpen.
Barnedåpen er ei feiring av barnet som er født, og ein flott tradisjon. Men den er òg noko meir. Me trur at Gud handlar i dåpen. Den er ei gåve frå Gud og ein invitasjon til fellesskap med han. Den døypte vert ein del av det lokale, kristne fellesskapet, og samstundes ein del av heile den verdsvide kristne kyrkja.
Før dåpen avgjer foreldre og fadrar følgjande løfte (som vert lest opp av presten):
«De skal vera vitne om at dette barnet er døypt med den kristne dåpen. Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja får de del i eit heilagt ansvar: å visa omsorg
for han/henne, be for han/henne, læra han/henne sjølv å be og hjelpa han/henne til å bruka Guds ord og delta i den heilage nattverden, så han/ho kan leva og veksa i den kristne trua.»
Litt om det praktiske
Bestilling av dåp:
Når du trykkjer på «Dåpspåmelding», vil du kome til eit skjema der du registrerer deg. Vel den kyrkja du ønskjer, og den tilgjengelege datoen du ønskjer. Du vil deretter motta epost der bestillinga vert bekrefta, og du får tidspunkt for Dåpssamling.
Dåpssamling:
Før dåpsgudstenesta har me ei samling i kyrkja for fleire dåpsfamiliar. Prest og menighetspedagog er med på desse samlingane, som varer ca ein time. Her vil de få vite meir om dåp, trusopplæring og det praktiske rundt dåpen. Kom gjerne med spørsmål!
Fadrar:
Den døypte må ha minst to fadrar. Det er vanleg med 2-6 fadrar, utanom foreldra, og ein vel gjerne familie eller vener. Fadrane må vere minst 15 år og sjølv døypte. Fadrane ved barnedåp skal vere vitne om at barnet er døypt, og dei tek på seg eit ansvar for å vise omsorg for barnet, og bidra til at barnet får opplæring i kristen tru (jamfør fadderløftet).
Gudstenesta:
Dåpen er som oftast tidleg i gudstenesta. Dåpsfamiliane får reserverte benkerader framme i kyrkja. Eit par gangar i året har vi eigne dåpsgudstenester på laurdagar (i mai og september).
Dåpskjole:
Det er vanleg at dåpsbarna har på seg ein dåpskjole, men det er ikkje eit krav. Me har ein flott dåpskjole i Bore kyrkje som me låner ut gratis til dei som ønskjer det.
Les meir om det her
Dåpskjolane er ofte mykje lengre enn barna. Dette symboliserer at trua og kjennskapen til Gud skal få vekse og utvikle seg.
Dåpsfest:
Det er foreldra til barnet som bestemmer om dei vil ha ein privat dåpsfest etter dåpen, og eventuelt korleis den skal vere.
Opplæring i kristen tru:
Dåp og opplæring høyrer saman! I Bore kyrkje har me ein plan for trusopplæring som me kallar for «Kraftfôr». Planen inneheld mange gode tilbod og arrangement for barn og unge mellom 0-18 år. Som medlem vil barnet få invitasjonar i posten når det skal vere eit arrangement for aktuell aldersgruppe.
Les meir om Bore kyrkje sine tilbod til barn og unge her!